Okay. Eg er nøydd for å fortsette (noko meir intensivt) å bruka og øva meg på nynorsk. Eg har tenkt – ja, eg er rimelig god på nynorsk. Men gårsdagen førde med seg ei oppklaring av denne villfaringa. Eg skal no sitera min gode forelesar Roger Lockertsen;
For kort. Uklart. Disposisjon er rotete. Mange grunnleggande språkfeil. Uforståelege setningar.
Ouatttt?! Og ikkje nok med at han henger ut nynorsken min. Han misliker oppgåva og måten eg har skrive han på. Men det som tok kaka, det var desse. Grunnleggande språkfeil. Uforståelege setningar. Kjente dei stakk litt. Uforståelege setningar. Det kan jo synast som om eg ikkje har forstått korleis eg skal formulera meg tydeleg. Eg beherskar ikkje kunsten som skriving nokre gonger blir beteikna som. Og no skal eg avsløre noko som kanskje òg kan vere til frykt og beven for nokre av dykk andre. (Og legg merke til retninga på aksentteiknet) Eg hadde ca. fire substantivfeil og ett verb som eg konsekvent hadde feil preteritumsending på. Ikkje meir altså. Men, eg er enig i dommen. (For ja, det kjentes sånn) Kontroll på skriftspråket med arv fra norrønt har eg ikkje, ikkje fullstendig i det minste. Så no er det slik når eg skriv at eg konsekvent sjekkar alle orda som kan bøyast i http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html, altså nynorskordboka eller bokmålsordboka ein får tilgang til gjennom http://www.sprakrad.no sine sider. Det er genialt syns eg.
Eg merker (og merk at det ikkje er a-ending her) at det er frustrerande å ikkje berre skriva så eg kan briefe med hastigheten min på touch. Men når eg no kun har meg sjølv og ein ussel og stakkarsleg utvikla nynorsk må eg tenka på to ting samstundes. Kva eg skriv tematisk og korleis eg skriv det. For det er rådet til Roger Lockertsen (merk at det ikkje står i passiv og heller ikkje med genitiv-s…) skal ein bli god i nynorsk, må ein skrive nynorsk. Det er som den kjente, vil nesten seie likninga, om Bjørn Dæhlie. Han blei så sinnsjukt god til å gå på ski fordi han trente heilt avsindig mykje. Iallefall om ein tar det i min målestokk.
Men, la det vere sagt. Eg liker nynorsk. Eg liker å skrive. Eg liker faget mitt, og, eg liker Roger Lockertsen. Eg skreiv berre ein ikkjeoverbevisande oppgåve denne gongen. Men eg kjem sterkt tilbake.
april 22, 2009 at 6:39 pm
Dette var vakker lesnad! Googla namnet mitt i går og måtte legge lenke til dette ut på fjesboka. Hadde berre alle mine studentar gjennom alle tider reagert på denne måten, så hadde nivået stige metervist! Takk!
Roger