Utruleg, men sant
Eg har budd på samme plass totalt tjue av tjueåtte år. Desse åra har og adressen vore den same, ikkje noko nummer eller -vegen, -bakke eller -stien bak stadnamnet. Det har vore kort og enkelt (meir eller mindre i allefall) å seie og skrive adressen. Men dette går no mot ein ende. Vi har fått eit brev som seier at frå og med 1. juni får vi ny adresse. Og ikkje blir det nokon koseleg adresse som “Tirilltoppen” eller “Smørpigen” eller “Njåtunet”. Nei, adressen er eit langt landevegsnamn med eit nummer Oline ikkje kan telja til på fleire år. Viss det er slikt tyranni som følgjer gatelykter, så veit eg sanneleg ikkje om det er verdt det…Det er reint uhyggjeleg at nokon berre kan senda eit brev og endre kva noko skal heite. Tenk viss det var meg; ikkje noko Helen Hetland Mori lenger, nei – du skal heite Kathrine Nilsen – det er så enkelt og greit og meir typisk din generasjon. Eller kva med Aisha Al-Ashawa for ein større politisk korrekt variasjon på namn i det grisgrendte distriktet? Eg får forsone meg med namnevalget og skal nok klare å nyte sola på terassen sjølv om namnet er annleis enn før. Det viktigaste er at sola faktisk kjem.
Love from Kathrine i Kvernelandsvegen 312.
mai 23, 2011 at 8:57 pm
Oi! Det kom ut av det blå, etter et års stillhet!
Kvernelandsvegen 312 har ikke den helt store schwungen over seg. Tirilltoppen hørtes ut som et bedre sted å bo.
mai 23, 2011 at 9:08 pm
Wow, du er kjapp:) Jeg har prøvd ut ordtaket tale er sølv, tie er gull (på denne bloggen vel og merke). Men det er bare tull selvfølgelig.